PPT- tjenesten 04/10/2010 No Comments

I morgen 5. oktober er det igjen tid for å samles på Biskopen! Da får vi besøk av PPT v/Vidar Ottesen. Han skal fortelle oss om prosessen et barn gjennomgår når det kommer i kontakt med PPT. En oversikt over hvordan PPT er organisert her i Bergen vil også bli gitt. PPT er kjempe viktig for at alle elever skal kunne bli ivaretatt gjennom den obligatoriske skolegangen vi har her i Norge. Det er ikke alle som har samme utgangspunkt, men det skal vel ikke bety at ikke alle burde få samme muligheter til å lære? Bli med og lær om den viktige oppgaven PPT har. Ta gjerne med deg noen!

Menneskehandel 07/09/2010 No Comments

I morgon kjem Georg Jokstad, feltprest ved Haakonsvern Orlogsstasjon med erfaring frå Sjømannskyrkja, for å snakke om menneskehandel. Menneskehandel har vore eit problem til alle tider, og er eit høgaktuelt tema i dag med mykje migrasjon og store skilnader mellom fattige og rike land. Alle har ein draum om eit godt liv, men for mange ender draumen i ein sliten flyktningleir eller som sexslave i det forgjette Vesten.

Ta med ein ven eller to, bli med på eit spennande foredrag og bidra til ein god diskusjon!

Referat frå møtet:

Sigrun Jemblie, ny medlem i vår, fekk æra av å opne møtet og halde årets første ego-3-minuttar. Sivilingeniøren frå Toten fortalde kort om seg og sitt virke i DNV før presidenten introduserte kveldens føredragshaldar for dei 14 medlemmene og gjestene som hadde samla seg på Biskopen. Orlogskaptein Georg Jokstad er feltprest ved Haakonsvern Orlogsstasjon sette omgrepa ”menneskehandel” og ”menneskesmugling” i perspektiv ved å trekkje fram døme frå 2. verdskrig og grenselosane samanlikna med kjøp og sal av fattige jenter frå Aust-Europa som eigentleg kan forflytte seg fritt innan Schengen-området. Etter våpen- og narkotikahandel er handel med menneske den største i verda, 75 % av alle offer er under 25 år og dei aller fleste er jenter seld til sexindustrien. Eit moralsk dilemma oppstår i forsøket på å hjelpe desse: ved kjøp av sex aukar etterspurnaden og fleire jenter vil bli importert, men på den andre sida vil boikott av sexkjøp skape problem for jentene sidan dei er avhengige av å selje kroppen sin for å betale ”gjeld” til bakmennene. UN GIFT har laga eit par gripande filmsnuttar med Emma Thompson i hovudrolla, dei kan lastast ned frå www.ungift.org. Menneskehandel er noko vi alle er vitne til, om vi spaserer ned Karl Johan eller langs Strandkaien, men kva gjer vi i Rotaract for å få slutt denne umenneskelege slavehandelen?

Norges Sildesalgslag 31/05/2010 No Comments

Imorgen er det klart for siste ordinære møte i Bergen Rotaract dette Rotaractåret.

Det blir da et foredrag med Norges Sildesalgslag om CatchCertificate SA og utstedelsen av de norske fangstsertifikatene til EU.Disse reglene har alt å si for Norges største eksportnæring, fiskeri! Klokken 19:00 på Biskopen.

Group Study Exchange USA 23/05/2010 No Comments

Turid fra Bergen Rotaract er en av fire stykker fra Norge som nå er på utveksling i Oregon i regi av Rotarys Group Study Exchange program. Gruppen blogger underveis i oppholdet, og vi kan følge dem her.

Mer info om Group Study Exchange finnes her.

Helter til fjells! 17/05/2010 No Comments

Hver vår går Bergens rotaractere ut for å bestige et av Bergens syv fjell, denne gang går turen til Lyderhorn, i morgen tirsdag 18. mai.

Presentasjonsteknikk 03/05/2010 No Comments

Imorgen er det tid for selvutviklingsdelen av vårens program, om presentasjonsteknikk! Lars Thomassen kommer til Biskopen Bar og holder et, i følge ryktene, STRÅLENDE foredrag, – gled dere! Start er, som alltid, klokken 19.00.

Natteravnene 19/04/2010 No Comments

I morgen er det klart for nytt møte med Bergen Rotaract, og vi får da besøk av
Natteravnene i Bergen sentrum. De skal fortelle om sitt arbeid, vårt lokale veldedige prosjekt. Dette er en flott introduksjon til fredagens natteravning! Natteravningen på fredag begynner som kjent klokken 2130, og vi møtes i C. Sundtsgate 42. For dere som ikke kan møte på natteravning på fredag blir det arrangert en annen kveld/natt, nærmere sommeren.
Som start på møtet skal Sedric skal holde treminutter om seg selv og vi får (kanskje) en oppdatering på om det som skjer i resten av Norge fra Forumgjengen.

Raftostiftelsen 05/04/2010 No Comments

Bergen Rotaract starter friskt over påsken, og inviterer til møte med Raftostiftelsen!
Raftostiftelsen jobber for å fremme menneskerettigheter i hele verden. Særlig er det de tre fundamentale rettighetene intellektuell-, politisk- og økonomiskfrihet som står sentralt i stiftelsen. Raftoprisen har blitt godt kjent og er nå en viktig pris for å sette lys på det arbeidet enkeltmennesker over hele verden gjør for menneskerettigheter på lokalt plan. I tillegg til et spennende og dagsaktuelt foredrag (bl.a. om forholdene i India) skal vi få omvisning i det nyinnviede opplevelsessenteret deres!

NCE Subsea 22/03/2010 No Comments

Tirsdag 23. mars er det tid for vårens fellesmøte med Bergen Rotary, ein fast og god tradisjon der vi i Rotaract arrangerer eit møte saman med fadderklubben vår. Heidi Skålevik er kontorsjef i NCE Subsea (Norwegian Centres of Expertise), ei forening og eit driftsselskap som skal bidra til å styrke og internasjonalisere undervassindustrien i Bergensregionen, og forsterke innovasjonsaktiviteten. Rundt 100 bedrifter og organisasjonar er med i nettverket NCE Subsea, som driftast i tett samarbeid med Høgskulen i Bergen.

Phoenix Children Foundation 08/03/2010 No Comments

Stiftinga Phoenix Children Foundation vart oppretta 23. august 2007, men arbeidet starta allereie i 2004. I morgon kjem dei til oss på Biskopen, 19:00 og fortel om arbeidet dei gjer i Rakai-distriktet i Uganda. Svært mange barn misser foreldra i HIV/AIDS-epidemien, og barn heilt nede i 8-årsalderen sit med forsørgaransvar for småsøsken. Dei får ikkje gå på skule fordi dei ikkje har pengar eller tid, sidan all tid går med til å halde huset ved like, skaffe brensel, skaffe mat og skaffe vatn. Resultatet er ofte at barna blir utstøtt av samfunnet, fordi dei kanskje ber HIV-smitte, fordi dei er skitne og med dårlege klede eller fordi dei må stele for å overleve. Stiftinga samlar inn både pengar og klede, og jobbar aktivt for å utdanne barna slik at dei ikkje ender opp som prostituerte, barnesoldatar eller tjuvar.
Bergen Rotaract har vurdert å samarbeide med Phoenix Children Foundation som eit sosialprosjekt i klubben, så me håpar så mange som kjem på møtet i morgon og lar seg inspirere til samfunnsteneste.

Referat fra møtet:

I det februar gjekk over til mars og snøen sakte måtte vike for regn og slaps, møttes Bergen Rotaract til eit nytt møte på Biskopen. Vi starta med å ta opp to nye medlemmer, Sindre og Bård, med høgtidleg opplesing av Rotarys formålsparagraf og utdeling av jakkenåler, og Sindre held ein 3-minuttar om seg sjølv. Dagens føredragshaldarar var Nina og Nina frå Phoenix  Children Foundation, som fortalde historia til stiftinga frå den spede byrjinga då Nina Dalen jobba i Raiki-distriktet i Uganda og skreiv oppgåve om foreldrelause barn og konsekvensane av HIV/AIDS epidemien, til korleis stiftinga i dag sørgjer for skulegang og psykologisk oppfølging av 138 foreldrelause barn. Med ”hjelp til sjølvhjelp” er ikkje stiftinga ein bistandsorganisasjon, og den tette oppfølginga av barna i lokalsamfunnet, er stiftinga ganske unik. Bergen Rotaract håpar vi kan få til eit samarbeid med eldsjelene frå Bergen, som betalar turane til Uganda av eigen lomme og har med koffertar fulle av klede og skrivesaker, og kan vise til svært gode resultat for barna dei har inkludert i programmet sitt. Alt i alt var det eit spennande foredrag med ei god blanding av små historier frå Uganda og resultat frå aksjonsforskinga til Dalen.